Bu i eit gardshus med rik historie eller på eit gardstun med aktiv gardsdrift. Delta på aktivitetar som kulturvandring, padle i kajakk eller fiske i fjorden. Vi lovar at ungane dine vil stortrivast. Eller kanskje du reiser med din kjære eller venner og ønskjer dykk vekk frå moderne hotellrom eller campinghytter? Nyt deilige dagar utan kvardagens stress og mas på ein av dei vakre gardane i fjordfylket!
Gardsferie - ferietilbod 2010
Åmot Gard - med blikket mot stjernene 
Frå- pris kr 1.495, langweekend tors-søndag
Flott, restaurert sveitserhus frå 1800- talet. Åmot gard er viden kjent for gardsopera, m.a. verdskjent stjerne Kiri Te Kanawa og kulturarrangement. Nyleg tildelt St. Olavs Rosa. Vakkert innreia leiligheit. Svært god standard. Pris per pers (basert på 2-6 pers) tor- søndag med smakfull frukost, delikate sengekle og mjuke frottéhandkle. Stad: Vikingfjorden i Gaular kommune. Les meir om Åmot Gard her. Bestill her.
Rytnetunet - unikt og vakkert langhus frå 1600- talet

Frå pris kr 4.325 - 1 veke for 2 vaksne og 2 born
Flott, restaurert langhus med panoramautsikt over Vikingfjorden. Badestamp, god standard med moderne fasilitetar. Pris inkl overnatting 7 netter (i oppredde senger og basert på 2 familiar som reiser saman). Kano kr 250 pr dag inkl vestar. Fyring av badestamp kr 700. Stad: Vikingfjorden i Gaular kommune. Les meir om Rytnetunet her. Bestill her.
Osen Gard - gardstun med rik historie 
Frå pris kr 3.300 - 1 veke for 2 vaksne og 2 born
Overnatting i eldre stabbur på gardstun med m.a. rik historie frå Vikingtida og Norges eldste laksetrapp. Enkel standard. Pris inkl overnatting 7 netter (uoppredde senger) og besøk i fjøsen. Båt kr 300 per dag inkl vester. Stad: Vikingfjorden i Gaular kommune. Les meir om Osen Gard her. Bestill her.
Svoa - Hestadgrend
- gamal tømmerstove fra 1884
Frå pris kr 820 per person - 1 veke
Pris per pers basert på 6 personar som reiser saman og inkl overnatting 7 netter. Sjølvhushald. Ta med sengekle/ sovepose. Triveleg hytte i flotte omgjevander. Gode moglegheiter for fiske etter ørret, riding og vandring. Stad: Sande i Gaular kommune. Les meir om Svoa - Hestadgrend her. Bestill her.
Urnes Gard og hjortefarm

Frå- pris kr 2.200 - 4 dagar for 2 vaksne og 2 born
Pris inkl overnatting 4 netter. Sjølvhushald. Ta med sengekle/sovepose. Garden ligg i området som er kåra til reisemål nr. 1 av National Geografic og eit steinkast frå Urnes Stavkyrkje, Norges eldste. Garden har sjølv ei historie og med tradisjonar tilbake til 1300- talet. Aktivitetar: besøk stavkirke, hjortefarm, fiske, bading, kajakk og vandring. Stad: Luster kommune.
Les meir om Urnes Gard her. Bestill her.
Hole Feriehus - triveleg gardstun, luftig og solrikt

Frå- pris kr 4.990- 1 veke for 2 vaksne og 2 born
Pris inkl overnatting 7 netter basert på 2 familiar som reiser saman, inkl. gratis fiske. Garden er eit tradisjonelt bærproduksjonsbruk. Utsal av råsaft, sylte og kjøt basert på gamal historisk oppskrft frå distriktet. Aktivitetar: m.a. vandring, fiske. Besøk m.a. verdskjente Briksdalsbreen. Stad: Byrkjelo i Gloppen kommune. Les meir om Hole Feriehus her. Bestill her.
Juv - Utsiktseigedomen Juv, fritt og høgt i landskapet

Frå pris kr 1.225 per person - 1 veke
Pris per pers basert på 4 personar som reiser saman og inkl overnatting 7 netter i Stabburet. Sjølvhushald. Ta med sengekle/sovepose. Feriehus i vestnorsk bondestil i vakre omgjevnader. Aktivitetar: m.a. fiske i fjorden, stølsvandring, utsiktstur, bærplukking og soppsanking. Stad: Stryn kommune. Les meir om Juv her. Bestill her.
Haukedalen Fiskeferie - ved det landskjente fiskevatnet Haukedalsvatnet
Frå pris kr 4.790 - 1 veke for 2 vaksne og 2 born
Pris inkl. overnatting 7 netter, båt i Haukedalsvatnet og fiske i elva og fjellvatn. Fiskekort kr 60 per døgn i Haukedals-vatnet (born u/16 år gratis). Triveleg tømmerhytte frå 1900- talet med varm atmosfære. Andre aktivitetar:m.a. vandring og plukking av sopp og bær. Stad: Førde kommune. Les meir om Haukedalen Fiskeferie her. Bestill her.
Bilder øverst: "Par + hytte" ©Terje Rakke/ Nordic Life AS/ Innovasjon Norge, "Gårdsmat" ©Morten Brun/ Innovasjon Norge.