Opplev den vakre fjordkysten med sine kjente attraksjonar og dei mange små hemmeligheiter. Reis på oppdagingstur mellom tusenvis av holmar og skjer. Området er godt egna for øyhopping både med og utan sykkel. I tillegg til sykling, byr fjordkysten på eit rikt sjøfiske, eller du kan ri på ein dølahest eller fjordhest, eller gå på tur i fjellet.
Etter få dagars opphald her vil du oppleve korleis roen vert ein del av deg. Naturen, fjorden, lyset og stilla. Alt er med på å gje deg minnerike opphald i Ytre Sognefjord.
Alle feriehusa og hyttene som du finn nedanfor kan leigast heile året og har gjennomgåande høg standard med fleire separate soverom, dusj og toalett og velutstyrte kjøkken. Parkering rett utanfor bueiningane. Nyt dagane ved Fjordkysten!
________________________________________________
Askrova Feriehus - Askrova i Flora kommune - NYHEIT

På den idylliske øya Askrova i Flora kommune, ligg
Askrova Feriehus med storslagen utsikt mot havet og naturlandskap. Flott restaurert feriehus med god standard, lunt uteområde og kort veg til sjø og strand. Gode fiskeplassar og fint område for vandring i beitelandskap og på fjellet. Godt krabbefiske og krepse-fiske. Mogleg for havfiske, kajakk og dykking. Meir info.
Bestill overnatting på Askrova Feriehus her
________________________________________________
Bremanger sjøbuer - Svelgen i Bremanger kommune

Med flott utsikt over fjord og landskap i Midtgulen/ Bremanger kommune finn du Bremanger Sjøbuer. Høgstandard feriehus beliggande ved sjøkanten og flott uteområde der ein kan nyte livet med utendørs bade-stamp og gassgrill. Gode fiskeplassar rett ut for brygga og her er mange båtar tilgjengeleg for ein tur på sjøen. Fint område for turer i skog og mark. Mulig for båtleige med skipper for havfiske, havkajakk og dykking. Meir info.
Bestill overnatting i Bremanger sjøbuer her
________________________________________________
Bakkevik Brygger - Novelandet i Bremanger kommune

Ytterst i havgapet på Novelandet/ Bremanger ligg Bakkevik Brygger. Her kan du nyte total stillheit og nærleiken til havet. Flotte rorbuer med høg standard, lun og god båthamn med moderne båtar. Gode fiske- og krabbeplassar like ved, havfiske, fjellturar og kajakk samt leikeplass og "lysthus" med SPA- jacuzzi. Ypperleg for familieferie eller ein tur saman med vener på sportsfiske i sjøen og havet. Meir info.
Bestill overnatting på Bakkevik Brygge her
________________________________________________
Akse Feriehus - Hyllestadfjorden - Hyllestad kommune - NYHEIT
Omkransa av fin vestlandsnatur i Hyllestadfjorden med
usjenert plassering ved sjøen, ligg Akse Feriehus. Kort veg til gode fiskeplassar. Fin utsikt over fjorden, bygda og fjellet Lihesten. Flotte uteplassar, kaiområde og badeplass. Fjordfiske, sløyebenk i sjøhuset. Meir info.
Bestill overnatting i Akse Feriehus her
Last ned brosjyre frå Hyllestad her
_______________________________________________
Eide Ferie og Fritid - Hyllestad Kommune - NYHEIT
.jpg)
Ytst i Sognefjorden i landlege omgjevnader finn du
Eide Ferie Fritid. Høgstandard feriehus like ved sjøkanten. Her kan du nyte fred og ro med flotte opplevingar i fantastisk natur. Dette er det perfekte utgangspunkt enten du ynskjer å nyte sjølivets gleder blant holmar og skjær med båttur, fiske eller dykking eller gå på tur i fjellet, ta ein sykkeltur eller kanskje berre ligge på terrassen og nyte utsikta. Fisket er bra heile året, størst fangst vår, haust og vinter. Meir info.
Bestill overnatting på Eide Ferie og Fritid her.
Last ned brosjyre frå Hyllestad her
_______________________________________________
Fjordkick Feriehus - Hyllestad kommune - NYHEIT
Sørbøvåg er ei vakker vestlandsbygd ved innlaupet til verdsberømte Sognefjorden. Her ligg Fjordkick - flotte feriehus med panoramautsikt over Åfjorden og majestetiske Lihesten – eit eldorado for turgåarar og naturinteresserte. Gode fisketilhøve både i fjorden, lenger ut i havet og i dei mange fiskevatna på land. Fantastisk turterreng så vel på sykkel som til fots. Meir info.
Bestill overnatting på Fjordkick Feriehus her.
Last ned brosjyre frå Hyllestad her
_______________________________________________
Bjørnestad Feriehus - Skifjorden i Hyllestad kommune - NYHEIT

Koseleg feriehus i svært rolege omgjevnader. Fjordutsikt og kort avstand til sjø. Feriehuset har god standard med rikeleg boltreplass både inne og ute. Svært barnevennleg og nær badestrand. Vertskapen formidlar utleige av både små og store båtar. I nærleiken finst det også ein koseleg ridegard for store og små.
Les meir her.
Bestill overnatting i Bjørnestad Feriehus online her
Last ned brosjyre frå Hyllestad her
_______________________________________________
Austgulen Feriehus - Skifjord i Hyllestad kommune - NYHEIT

Omkransa av vakkert fjord- og fjellandskap ligg
Austgulen Feriehus ytterst i Skifjord. Hyttene ligg idyllisk til og er godt eigna plass for fiskarar som likar sjøfiske. Ein kan gå fjelltur i merka løyper, dykke i fjorden eller padle. Fint utgangspunkt hvis ein vil oppleve Vestkysten på sitt finaste! Meir info.
Bestill overnatting i Austgulen Feriehus her
Last ned brosjyre frå Hyllestad her
________________________________________________
Hellebust Feriehytter - Hellebust i Fjaler
kommune
Hellebust feriehytter ligg idyllisk til i svært rolege omgjevnader omkransa av fjell og fint turterreng. Hyttene ligg ved Breidvatn og Hellebustfossen nær Hovlandsvatnet. Fiske etter laks og sjøørret i sesongen og etter brunørret og røye. Det er båt i begge vatna. Meir info.
Bestill overnatting på Hellebust Feriehytter her
Bestill overnatting i Hellebust Feriehytter online her
________________________________________________
Bilete øverst: ©Terje Rakke/ Nordic Life AS/ Innovasjon Norge, ©Morten Brun/ Innovasjon Norge.