Hjortejakt har lange tradisjonar i Noreg. 
Helleristingar fortel om jakt langt tilbake i tid med enten pil og bue, spyd eller fangstgroper. I dag er det ikkje lenger matauk som er hovedmotivasjonen for jakt, men kanskje først og fremst rekreasjon.
Vestlandet generelt har svært gode forhold for hjortejakt. Sogn og Fjordane er landets største hjortefylke med 11.600 felte dyr i 2009 av ei kvote på snaut 14.700. Nok ein gong var det eit rekordår. Nesten kvar tredje hjort ble felt i Sogn og Fjordane.
Fylkesmannen har i forskrift 28. august 2008 vedteke at dei fleste kommunane i fylket får utvide hjortejakta fram til og med 23. desember. Jakttider for 2010 vert avgjort av Fylkeskommunen.
Det er viktig at både jaktrettshavarar og jegerar tek på alvor ulike samfunnssektorer sine haldningar til jakt. Jakt i Noreg skal kun utførast av seriøse og dyktige jegerar som legg vekt på human og sikker jakt.
Vi ønskjer deg velkomen til flotte jaktdagar i Sogn og Fjordane.

Sjekk tilbud om hjortejakt i
Fjaler
Gaular
Gloppen
Jølster
Stryn
Vik i Sogn - NYHEIT
Naustdal - NYHEIT
Sjekk kvar du kan vere
med på gjestejakt
Gloppen
Stryn
Årdal - NY!