Velkomen til Kjøsnes Feriehytter i Jølster. Her kan du vere nabo med den kjente Jølstraørreten og bu i riket til den kjente måleren Nikolai Astrup - ein av dei største kunstnarane i Norge tidleg på 1900-talet. Jølster er også kjent som ei av dei bygdene i Sogn og Fjordane som har fostra nokre av dei mest kjente spelemenn og slåttekomponistar.
- Panorama til det
kjente Jølstravatnet
- Solrikt midt i hjartet av Fjord Norge og møte med bre og hav
- God standard i rolege omgjevnader
- Svært barnevennleg nær badestrand
- Parkering ved huset
- Båt med motor følger med
- Primært lørdag - lørdag utleie
Kjøsnes Feriehytter ligg ca 30
min frå Førde, ca 30 min frå
Sandane Lufthamn og ca 3 timar frå Bergen.
Passar for: 2 – 6 personar
Hytter med god standard, 72 m2 og 3 soverom/6 soveplassar. Velutstyrt kjøken. Bod med fryser.
Gamlestova - restaurert i 1995 og ligg i gardstunet på Kjøsnes
(80m2). Inneheld 5 soveplassar.
Sesong: Heile året.
Pris:
01.06 - 01.09: kr 8.000 (inkl båt)
01.04 - 01.06 og 01.09 - 01.10: kr 6.000 (inkl båt)
01.10 - 01.04: kr 4.900 (båt ikkje inkl)
Sluttreingjering mot kr 600.
Avstand til:
Sjø: 40 km
Ferskvatn: 300 m 
Daglegvare, bensinstasjon, post m.m: 2 km
Aktiviteter:
Fiske i Jølstravatnet – et av nord Europas beste ørretvatn. NYHEIT - Kjøp fiskekort via sms her / online her.
Båt 13 fot/5,5 hk tilgjengeleg.
Vandring.
Riding ved Norsk Fjordhestgard.
Perfekt utgangspunkt for dagsturar til verdskjente reisemål som Geirangerfjord, Sognefjord og Nærøyfjorden - alle opå UNESCOs berømte Verdensarvliste samt Briksdalsbreen og Vestkapp.

Vil du vite meir om Kjøsnes Hytter? Sjå fleire bilete?
Klikk her
E-post: nil-eikj@online.no
Telefon: +47 57728529/ + 47 97019286
Bilder øverst: "Par + hytte" ©Terje Rakke/ Nordic Life AS/ Innovasjon Norge, "Gårdsmat" ©Morten Brun/ Innovasjon Norge.