
Velkomen til Urnes Gard og Hjortefarm ved Lustrafjorden – 
inst i Sognefjorden. Garden ligg i området som er kåra til
reisemål nr. 1 av National Geografic og eit steinkast frå Urnes Stavkyrkje, Norges eldste. Garden har sjølv ei historie og med tradisjonar tilbake til 1300-tallet. Overnatting i restaurerte feriehus, B&B eller sjølvhushald.
Urnes Gard og Hjortefarm ligg ca 30 min frå Sogndal, ca
45 min frå Sogndal Lufhamn, ca 3,5 – 4 timar frå Bergen,
ca 5,5 timar frå Oslo.
Eldhuset passar for: 2 - 5 personar
Eit rom på 30 m2 og nytt påbygg med WC og dusj i 2004. Sengeplass til 4(5) pers (to doble senger + sofa), velutstyrt kjøkkenkrok. Varmt og kaldt vatn, heilårsisolert. Tilgang til vaskemaskin. Skjerma uteplass. Noko utsikt
over Lustrafjorden.
Stabburet passar for: 3 – 6 personar
Hytta er på 70 m2. 1. etg.: opphaldsrom med m.a. sofakrok, garderobeskap og TV og kjøkken med m.a. innlagt kaldt og varmt vatn, komfyr, kjøleskap, kaffitraktar. 2. etg: to soverom (eit m/ tre enkeltsenger, eit m/ei
dobbel- og ei enkelseng). Eigen WC og dusj i eit anna gardshus 5 m ifrå (nytt 2003). Rundt hytta er det uteplass med flott utsikt til fjord og fjell.
Gamlefjøsen passar for: 2 – 4 personar.
I det som tidlegare var låven i Gamlefjøsen, er i dag eit husvære. Restaurert i 1999 og er på 74 m2. Opphaldsrom med TV og godt utstyrt kjøkkenkrok, to soverom med to senger i kvart. WC og bad med dusj i to separate rom.
Møblert uteterasse vendt mot Urnes Stavkyrkje.
B&B/rom i Gamlefjøsen
I første etasje i "Gamlefjøsen" er det innreia 2 to-sengsrom, bad og WC. Romma er enkelt utstyrt med m.a. to enkeltsenger, bord og stol, kommode og spegl. Dei to romma deler wc og dusj. Tilgang på vaskemaskin.
Gjestehuset
Ferdig våren 2006, passar fi
nt til grupper og enkeltpersonar som ynskjer rimeleg overnatting. Totalt 13 sengeplassar. Opphaldsrom m/spiseplass og flott utsikt over fjorden, kjøkken og bad med dusj og toalett. Seks doble soverom (køysenger) og eit enkelt. Skjerma uteplass med fantastisk utsikt over Lustrafjorden og mogelegheiter for
grilling. Leikeplass for barn under utarbeiding.
Sesong: Heile året.
Prisar:
Eldhuset: kr 550 per døgn/kr 3300 per veke
Stabburet: kr 650 /kr 3900 per veke
Gamlefjøsen: kr 800 /kr 4800 per veke
B&B/rom: kr 250 per person per natt
Gjesthuset: kr 200 per person per natt
Tillegg kr 75 per person for frokostbuffet, kr 50 per person for sengetøy. Sluttvask kan også leigast.
Avstand til:
Sjø: 20 - 200 m
Daglegvare, bensinstasjon, post m.m: 0,5 km (ferge)
Anna:
Gardsutsal av eigenprodusert lokalmat, handverk av lokale produsentar, servering.
Hjortefarm med omvisning. For meir, sjå her.
Aktiviteter:
Fiske, bading, kajakk og vandring. For meir, sjå her.
Vil du vite meir? Sjå fleire bilete? Klikk her
E-post: urnesgard@urnes.no
Telefon: +47 57683944/ +47 90600218/ +4...




Bilder øverst: "Par + hytte" ©Terje Rakke/ Nordic Life AS/ Innovasjon Norge, "
Gårdsmat" ©Morten Brun/ Innovasjon Norge.