
Har du lyst å jakte på hjort eller villrein i haust? Eller kva med småviltjakt? Hos oss finst det både rype, hare og storfugl.
Jakt på hjort kan du gjere på eiga hand, eller i eit lokalt jaktlag. Det er også muleg å få guiding av kjentmann og med ein god historieforteljar for deg som ønskjer det. I Sogn og Fjordane er jakttida for hjort 10.09 og til 23.12 med unntak av nokre få kommunar der jakttida er 10.09 og til 15.11 og frå 10.09 og til og med 30.11. Sjå gjeldande jakttid under kvar tilbydar. Finn tilbod her.
Jakt på ei rekkje småviltartar som t.d. hare, rype og
storfugl startar også 10.09. Finn tilbod her.
Jakt på villrein kan kjøpast for perioden frå og med 20.08 - 30.09. Sjå meir her.
Bilder: "Speider etter dyr" og "Hjort" ©Johan Trygve Solheim/ Norsk Hjortesenter, "Rype" ©Anders Gjengedal/ Innovasjon Norge