-
Jakt - eller fisketur saman med kameratar eller arbeidskollegaer?
-
Vener på tur - fellesferie?
-
Ut på tur med familien?
Uansett - det handlar om å stelle godt med seg sjølv og med familie og vener. Ta tida tilbake med eit opphald i Sogn og Fjordane.
Stølsferie i Gloppen - Minner for livet!
Mange drøymer om å slappe av og finne roen i ferien. I Gloppen kan du nyte livet på fleire av dei mange velrestaurerte stølane. Finst det noko meir avslappande enn å sitje i eit intimt stølsmiljø og høyre humla suse? Kjenne varmen frå veggen og lukta av sjel og historie? I det fjerne kan du høyre sauebjeller, og kanskje får du nærkontakt med eit lam? Små nære ting som mange av oss sjeldan opplever i ein moderne og hektisk kvardag. Les meir og bestill stølsovernatting her
Last ned brosjyren her
__________________________________________________
Gardsferie i Sogn og Fjordane - ferietilbod 2010!
Bu i eit gardshus med rik historie eller på eit gardstun med aktiv gardsdrift. Delta på aktivitetar som kulturvandring,
padle i kajakk eller fiske i fjorden. Vi lovar at ungane dine vil stortrivast. Eller kanskje du reiser med din kjære eller venner og ønskjer dykk vekk frå moderne hotellrom eller campinghytter? Nyt deilige dagar utan kvardagens stress og mas på ein av dei vakre gardane i fjordfylket!
Les meir om overnatting i gardshus, hytter eller stabbur her.
__________________________________________________

Fiske - ei flott oppleving for heile familien
Prøv fiskelukka i nokre av dei svært gode fiskevatn våre som t.d. Jølstravatnet, Breimsvatnet, Osen Vestre Hyen vassdraget samt Gaularvassdraget. Dei mest vanlege fiskeartane er ørret og røyr, og nokre stader finst det dessutan ål. Les meir her
Nyheit! Kjøp fiskekort via SMS for
- Jølstravatnet her
- Hestadfjorden (del av Gaularvassdragaet) her
- Haukedalsvatnet (del av Gaularvassdraget) her
- Osen Vestre Hyen vassdraget her
__________________________________________________
Fotturar i fjellet både sommar og vinter
At Sogn og Fjordane er fantastisk for fotturar i også
sommarhalvåret veit mange. Fylket byr på eit stort løypenett både i høgfjellet og i låglandet. Les meir her
__________________________________________________

Ridetur på ein ekte Fjording?
Turar i skog og mark på hesteryggen gir ei avslappande
friheitskjensle. Fleire stader i Sogn og Fjordane kan
hesteinteresserte oppleve den vakre vestlandsnaturen
frå hesteryggen. Les meir og bestill ridetur her
__________________________________________________

Leig ein kajakk og nyt naturen
Fylket byr også på mange muligheiter for padling. Fleire stader kan du leige deg ein kajakk - m.a. på Gloppefjorden på Sandane, Flåm og i Stryn. Dette er alle svært flotte og eigna områder for kajakkturar. Her er atmosfæren avslappa og roleg med ei herleg laidback-haldning. Les meir og bestill ein kajakktur her
__________________________________________________

Er du jaktinteressert?
I Sogn og Fjordane kan du rett og slett boltre deg i gode
terreng og få fantastiske jaktopplevingar i storslagen vestlandsnatur. Les meir og bestill jakt her
Reise med fly til Sogn og Fjordane?
Sjekk lågpristilbod med Norwegian og Sterling til Oslo og Bergen fra Sverige, Finnland og Danmark.
Sjekk lågpristilbod med Widerøe til Førde, Sogndal og Sandane
Bilete oppe: "Par" og "Hest" ©Morten Brun/ Innovasjon Norge, "Hjort" ©Johan Trygve Solheim/ Norsk Hjortesenter.