Natur- og ferieopplevingar i Sogn og Fjordane
Jakt
Fiske
Riding
Overnatting
Explore Fjord Norway

Dei ekte opplevingane får du i naturen!

 

  • Jakt - eller fisketur saman med kameratar eller arbeidskollegaer?

  • Vener på tur - fellesferie?

  • Ut på tur med familien?

Uansett - det handlar om å stelle godt med seg sjølv og med familie og vener. Ta tida tilbake med eit opphald i Sogn og Fjordane.

 

 

Stølsferie i Gloppen - Minner for livet!

 

Mange drøymer om å slappe av og finne roen i ferien. I Gloppen kan du nyte livet på fleire av dei mange velrestaurerte stølane. Finst det noko meir avslappande enn å sitje i eit intimt stølsmiljø og høyre humla suse? Kjenne varmen frå veggen og lukta av sjel og historie? I det fjerne kan du høyre sauebjeller, og kanskje får du nærkontakt med eit lam? Små nære ting som mange av oss sjeldan opplever i ein moderne og hektisk kvardag.  Les meir og bestill stølsovernatting her

 

Last ned brosjyren her

_________________________________________________

 

Gardsferie i Sogn og Fjordane - ferietilbod 2010!

 

Bu i eit gardshus med rik historie eller på eit gardstun med aktiv gardsdrift. Delta på aktivitetar som kulturvandring, 

padle i kajakk eller fiske i fjorden. Vi lovar at ungane dine vil stortrivast. Eller kanskje du reiser med din kjære eller venner og ønskjer dykk vekk frå moderne hotellrom eller campinghytter? Nyt deilige dagar utan kvardagens stress og mas på ein av dei vakre gardane i fjordfylket! 

 

Les meir om overnatting i gardshus, hytter eller stabbur her.

__________________________________________________

 

Fiske - ei flott oppleving for heile familien

 

Prøv fiskelukka i nokre av dei svært gode fiskevatn våre som t.d. Jølstravatnet, Breimsvatnet, Osen Vestre Hyen vassdraget samt Gaularvassdraget. Dei mest vanlege fiskeartane er  ørret og røyr, og nokre stader finst det dessutan ål. Les meir her

 

Nyheit! Kjøp fiskekort  via SMS for

  •  Jølstravatnet  her 
  •  Hestadfjorden (del av Gaularvassdragaet) her
  •  Haukedalsvatnet (del av Gaularvassdraget) her
  •  Osen Vestre Hyen vassdraget her
     

__________________________________________________

 

Fotturar i fjellet både sommar og vinter

 

At Sogn og Fjordane er fantastisk for fotturar i også

sommarhalvåret veit mange. Fylket byr på eit stort løypenett både i høgfjellet og i låglandet. Les meir her

 

 

__________________________________________________

 

Ridetur på ein ekte Fjording?

 

Turar i skog og mark på hesteryggen gir ei avslappande

 friheitskjensle.  Fleire stader i Sogn og Fjordane kan

hesteinteresserte oppleve den vakre vestlandsnaturen

frå hesteryggen. Les meir og bestill ridetur her

 

__________________________________________________

 

Leig ein kajakk og nyt naturen


Fylket byr også på mange muligheiter for padling. Fleire stader kan du leige deg ein kajakk - m.a. på Gloppefjorden på Sandane, Flåm og i Stryn. Dette er alle svært flotte og eigna områder for kajakkturar. Her er atmosfæren avslappa og roleg med ei herleg laidback-haldning. Les meir og bestill ein kajakktur her

 

__________________________________________________

 Foto: Johan Trygve Solheim/Norsk Hjortesenter

Er du jaktinteressert?

 

I Sogn og Fjordane kan du rett og slett boltre deg i gode

 terreng og få fantastiske jaktopplevingar i storslagen vestlandsnatur.  Les meir og bestill jakt her 

 

 

 

 

 

 

Nyte naturen i Sogn og Fjordane?

Du finner mange forskjellige hytteprodukter som kan brukes som overnattingstilbud på denne siden. Ta en rask titt på de forskjellige

 

Det finnes mange forskjellige produkter som kombinerer enkel hyttestandard med store, flotte vinduer som brukes til å nyte den flotte naturen i fylket.

 

 

 

Bilete oppe: "Par" og "Hest" ©Morten Brun/ Innovasjon Norge, "Hjort" ©Johan Trygve Solheim/ Norsk Hjortesenter.



E-post: info@naturogferie.no | Nyheitsbrev: Utmarksbasert Reiseliv | Velkommen til flotte feriedagar!
Sogn og Fjordane Bondelag Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA